Amatørteateraktivitet i grupper
Dette er tilskotsordninga for vaksne amatørar som driv med frivillig aktivitet innanfor teater, scenisk dans, revy, impro, laiv og liknande. Gruppa di kan søke om støtte til utgifter knytt til produksjon og framsyning/show, teaterøving, og kurs for gruppas medlemmar.
Formål: Denne tilskotsordninga er for aktørar som driv med frivillig amatørteateraktivitet i grupper. Formålet med tilskotsordninga er å stimulere til frivillig aktivitet og brei deltaking innanfor teater og scenisk dans blant vaksne amatørar i heile Noreg.
I 2025 vart retningslinjene justerte - pass på å lese dei før du søker!
Gå til ordningssida for å lese retningslinjene.
Hvem kan søke: Private foretak, Personlig næringsdrivende, Ideelle og frivillige organisasjoner
Aktørar som driv med frivillig amatørteateraktivitet i grupper kan søke. Både privatpersonar og organisasjonar som verker innanfor det frivillige amatørteaterfeltet kan søke. Søkar/kontaktperson må sjølv vere ein del av gruppa.
Gå til ordningssida for å få meir informasjon.
Hva kan det søkes om: Tilskotet kan brukast til amatørteateraktivitet der fleirtalet av aktørane er amatørar over 18 år.
Typiske eksempel på kva du kan søke om tilskot til, er husleige, scenografi, honorar til ekstern fagperson, leige av teknikk og teknikar, deltaking på eksternt kurs for gruppas medlemmar, med meir.
Amatørteater inkluderer her ulike performative uttrykksformer som revy, scenisk dans (til dømes hip hop, ballett eller magedans), musikkteater, impro, nysirkus og liknande. Det er òg mogleg å søke om støtte til rollespel/laiv. Aktørar kan ikkje få støtte til kor, konsertar og sosial dans (til dømes pardans eller leikarring) gjennom denne ordninga.
Pass på å lese retningslinjene nøye før du søker. Gå til ordningssida for å få meir informasjon .
Tilskuddstype: Prosjektmidler
Søknadsfrist: 2026-05-15, 2026-12-02
Tilskuddsforvalter: Kulturdirektoratet
Departement: Kultur- og likestillingsdepartementet
Mer informasjon: https://www.kulturdirektoratet.no/tilskuddsordninger/amatoerteateraktivitet-i-grupper
Søknad: https://www.kulturdirektoratet.no/tilskuddsordninger/amatoerteateraktivitet-i-grupper
Wijzigingsgeschiedenis
First seen 29 Sept 2026, last checked 30 Sept 2026. 2 recorded versions.
- 30 Sept 2026 · 3b3d5c2ee2ae
- 29 Sept 2026 · ef4655e4cd49